web.png
post@vestkontroll.no 700 30 440

Kontaktinformasjon

Vest kontroll
Åram skule
6149 Åram 

Sentralbord: 700 30 440      

E-post: post@vestkontroll.no

til_heimeside_070.jpg

Dagleg leiar

Jostein Støylen
Kommunalkandidat/cand.mag
Tlf:  700 30 444    
Mobil: 90 18 79 50
E-post: jostein.stoylen@vestkontroll.no

Tips - varsling - klage

Kontrollutvala treng initiativ frå deg - om du er folkevald, tilsett, brukar av tenester, innbyggjar, eller på annan måte har fått kjennskap til forhold i den kommunale virksomheita som du meiner kontrollutvalet bør sjå nærare på.

For å sikre at ditt initiativ får ei korrekt og mest mogleg effektiv behandling, ber vi deg lese punkta nedanfor før du tek kontakt:

Vedrørande klage
Kontrollutvalet behandlar ikkje klager.
Dersom du har motteke vedtak frå kommunen - og du ønskjer å klage på vedtaket - bør du fylgje klagetilvisninga som skal vere lagt ved brevet om vedtak. Alternativt bør du kontakte kommunen sitt sentralbord eller din saksbehandlar for nærare informasjon om framgangsmåte, tidsfrist m.m. dersom du ønskjer å klage.

Vedrørande varsling
Undersøk med di kommune kva rutinar som gjeld for varsling om kritikkverdige forhold i virksomheta.
Begrepet "varsling" betyr i denne samanheng arbeidstakar sin rett til å varsle om kritikkverdige forhold i virsomheta dei arbeider i. Den ansatte sin rett til å varsle er lovfesta i Arbeidsmiljølova § 2-4. Vidare gir Arbeidsmiljølova § 2-5 reglar for vern mot gjengjeldelse ved varsling, og i § 3-6 påleggast arbeidsgivar ei plikt til å leggje til rette for varsling.

Vedrørande tips
Kontrollutvalet i di kommune tek gjerne imot  tips om forhold som bør undersøkast nærare (ver imidlertid merksam på at kontrollutvalet ikkje kan behandle tips som omhandlar hensiktsmessigheita av politiske vedtak).
Det vil vere ein fordel om tipset du vel å melde til kontrollutvalet i størst mogleg grad er basert på konkrete fakta.

Kontakt oss
E-post: post@vestkontroll.no
Tlf: 700 30 440/90 18 79 50

Du kan vere anonym om du ønskjer det.

Vest kontroll  -  6149 Åram  -  Telefon: 70 03 04 40  -  Mobil: 901 87 950  - post@vestkontroll.no - Org.nr: 987 829 257